Mattilsynet skal kartleggje grisevelferd: Kjem på uvarsla tilsyn

Ein svinekampanje skal gje auka kunnskap om korleis norske grisar har det.

600: I løpet av 2021 og 2022 vil Mattilsynet undersøke tilhøva i 600 tilfeldige grisefjøs i heile landet.  Foto: Mattilsynet

Nyheiter

I perioden januar 2021 til juni 2022 skal Mattilsynet på inspeksjon i 600 tilfeldig utvalde svinebesetnader over heile landet. Inspektørane vil blant anna sjå på rutinane for å handtere purker som føder, sjuke og skadde dyr, og grisanes tilgang på plass, mat og drikke.