Både sommar og vinter har Skjåk Turløyper som mål å gjeva folk gode tur- og naturopplevingar, gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper og turstigar i Skjåk.
Skisesongen er i full gang, og Skjåk Turløyper kan informere om at det med atterhald om vêr- og føreforhold er oppkøyrde skiløyper på desse stadene i bygda: Ljosløypa i Botn, Bottrunda, Åslivegen, og ljosløypa i Dønfoss.
I helgar, vinterferie og påske blir desse løypene køyrd: Åsen-Billingen-Fjellro-Nysætra, Åsen Rundt, Grotliløypene, og Sotaløypene.
Skiløypene kjem ikkje av seg sjølv, og bak dei flotte moglegheitene for skigåing i Skjåk, ligg eit stort arbeid i vedlikehald og oppkøyring av løypenettet.
– For å få til dette er vi avhengige av inntekter frå kommune og sponsorar, og støtte frå privatpersonar, opplyser Skjåk Turløyper, som er svært takksame for alle bidrag dei får, for å sikre oppkøyring av skiløyper.