Vottane Sanders hadde på seg under innsettinga av Joe Biden, stal mykje av merksemda under seremonien. Mange kasta seg på strikkepinnane for å lage seg desse vottane da oppskrifta vart spreidd på nettet. Synnøve Høijord, som er ein av drivarane av Naturgull i Vågå, har nå også laga ein genser, inspirert av desse vottane.
Synnøve har strikka «Berniegenser»
Synnøve Høijord vart inspirert av vottane til senator Bernie Sanders, og brukar stuttreist og ubehandla ull i «Berniegenseren».
«Berniefarger»: Synnøve Høijord med garnfargene ho har brukt for å lage «Bernie»-genseren. Garnet er stuttreist frå sau i lokalområdet, og er ikkje behandla med kjemikaliar. Foto: Kari Margot Odnes
Nyheiter