Junioren Eirik held på motivasjonen

Eirik Fjeld såg gjennom sommaren og hausten fram til sin fyrste sesong på juniornivå. Lomværen held motivasjonen oppe, sjølv om det eine skirennet etter det andre blir avlyst.

Motivert: Eirik Fjeld er motivert for å gå på ski sjølv om renn blir avlyst.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

– Eg skjønar at det må vera restriksjonar, men tykkjer det er rart at det ikkje er råd å arrangere skirenn, men at Vinmonopolet skal vera ope, seier han.