Ottadølar nominerte til Spellemannprisen

Fredag vart dei nominerte til «Spellemann 2020» offentleggjort. I to av kategoriane skal ottadølar vera med på å knive om dei gjeve prisane, som blir delt ut under eit tv-show på NRK i april.

Spellemann-nominerte: Aslak Brimi (t.v.) og Mari Midtli er nominerte til Spellemannprisen i kategorien «Barnemusikk», med plata «Huldra Hildur». Mads Erik Odde (med trekkspel) medverka i prosjektet, og er også nominert i kategorien «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk».  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Spellemann, eller Spellemannprisen, er ei årleg prisutdeling til norske musikkartistar som har utmerka seg på ein positiv måte det føregåande året.