Fredag morgon gjekk det ut sms til alle husstander knytt til Aurmo vassverk om at ein lyt bruke minst mogleg vatn.
Driftsleiar for veg, vatn og kloakk i Skjåk kommune, Lars Kurt Haugen, seier at dei er i gang med å finne ut kvar problemet er. At det er frosten som skapar vanskar er det ingen tvil om. Det er ned mot 30 kuldegrader i Skjåk for n´te dag på rad.
– Vasskjelda er ute i elva og vi er i gang med å finne ut om det er leidningen eller pumpa som er tela. Skulle feilsøking og rettetid bli lang har vi moglegheit til å køyre vatn til vassverket, men vi må på det sterkaste oppmode om at det blir brukt minst mogleg vatn nå - til ny beskjed blir gjeve, seier Haugen.
Det er husstander i byggefeltet i Aurmo og på båe sider av elva vest for Aurmo som er knytt til gjeldande vassverk.