106 «komfyrutrykkingar» i Innlandet

Brann- og redningsvesenet i Innlandet rykka i fjor ut til 106 brannar og branntiløp på komfyren.

Vakt: Ein komfyrvakt vil kunne hindre ein farleg brann.   Foto: Lom og Skjåk brannvesen

Nyheiter

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og viss det blir lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakt får ein kjøpt i elektronikkbutikkar, kjøkkenbutikkar og på nettet.

Ein komfyrvakt består av ein sensor og ein strømbrytar, og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Viss sensoren oppdagar fare for brann, utsløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

Denne veka blir det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil brann- og redningsvesenet og det lokale eltilsynet ha lokale aktiviteter over heile landet. Som del av kampanjen vil det bli delt ut 250 komfyrvakter til nokre som treng det rundt om i landet.