Aslak Brimi Kvartett med nytt album: Som å vera med på hoffball på 1700-talet

Vi har korkje parykk eller pudder i fjeset, men ser gjerne for oss eit mellomeuropeisk hoff når vi høyrer på Aslak Brimi Kvartetts album - Isomeri.

Spelemenn: Skal dei nominerast i klassisk eller folkemusikk? Det blir utfordringa for dei styrande i Spelemannsprisen. Aslak Brimi Kvartett må nominerast, og kan vinne båe klassene.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

– Isomeri er eit omgrep vi nyttar i kjemifaget om ulike stoff som ser like ut, men som har små strukturelle skilnader, forklarar musikar, komponist og lektor Aslak Brimi.