Jotunheimen Turbusser har fått pengar til omstilling

Det lokale busstransportfirmaet i Vågå har fått fleire hundre tusen kroner frå regjeringa til omstilling og tilpassing i koronakrisa.

Jotunheimen Turbusser: Dagleg leiar Hans Magne Ramen og Jotunheimen Turbusser i Vågå har fått 422.400 kroner i koronamidlar frå staten.   Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

– Eg vil gratulere Jotunheimen Turbusser med tilsegn om 422.400 kroner. Dette viser at dei greier å tenkje nytt i ein vanskeleg situasjon, og gjer at dei kan tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i marknaden framover, seier næringsminister Iselin Nybø, om det lokale busstransportfirmaet, som er blant dei som har fått pengar frå staten.