Utflytta skjåkvær kan tenkje seg å kjøpe Pollfoss

Sidan 2018 har vertskapet forsøkt å selja Pollfoss hotell og gjestehus i Skjåk. Nå kan det bli eigarskifte.

Blir kanskje selt: Ærverdige Pollfoss hotell og gjestehus i Billingsdalen i Skjåk har vore til sals sidan 2018, men så langt har ingen gjort ein handel. Hotellvert Bertus van Harten kan fortelja at dei nå har ein person som kan vera interessert i å kjøpe staden, og at vedkomande er ein utflytta skjåkver, som ynskjer å flytte heim att.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Ekteparet Bertus og Hendrika van Harten har drive Pollfoss i Skjåk sidan 2007, men gjekk i 2018 ut med at dei hadde eit ynskje om å pensjonere seg. Det ærverdige hotellet vart da lagt ut for sal, utan å bli selt. I 2020 prøvde vertskapet å leggje ut Pollfoss for sal på nytt.