Regjeringa avlyser eksamen

Alle skriftlege eksamenar blir avlyst for elevar i ungdomsskulen og videregåande opplæring. Muntleg eksamen blir avlyst for elevane på vg1 og vg2, men blir gjennomført for avgangselevane på 10. trinn og vg3.

Avlyst: Det blir ikkje skriftleg eksamen i 2021  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

– Vi skulle veldig gjerne ha gjennomført alle eksamenar som planlagt. Det har vore til dels svært ulikt tilbod om opplæring for elevane dette skuleåret, noko som gjev eit ulikt vurderingsgrunnlag. Ein felles og lik skriftleg eksamen er derfor ikkje lenger ei eigna prøving av kva elevane har lært, seier kunnskapsminister Guri Melby.

Nå skal regjeringa sjå vidare på om det finst andre alternativ for korleis standpunktkarakterane kan forsterkast, for eksempel med ei form for ekstern vurdering.

– Karakterane elevane får må vera riktige og rettferdige, så langt det let seg gjera. Det er bra både for den enkelte elev og dei andre elevane ein konkurrerer mot i opptaket til vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Når vi nå må avlyse skriftleg eksamen, er det derfor viktig at vi ser på andre moglegheiter for ei ekstern vurdering, i tillegg til å leggje opp til ekstra støtte rundt arbeidet med statspunktvurdering denne våren. Dette vil vi jobbe vidare med saman med organisasjonane og fylkeskommunane, seier Melby.

Dette er beslutninga om eksamen våren 2021:

  • Alle skriftlege eksamenar blir avlyst for elever.
  • Alle muntleg-praktiske og praktiske eksamenar blir avlyst for elevar.
  • Lokalgjeve muntleg eksamen for 10. trinn blir gjennomført.
  • Lokalgjeve muntleg eksamen for VG3 blir gjennomført.
  • Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål og fag- og svennebrev skal ha eksamen. Elevar med rett til ny, utsett og særskilt eksamen våren 2021 gjennomfører eksamen saman med privatistane.
  • Fag- og svenneprøver blir ikkje avlyst, men blir gjennomført etter gjeldande smitteverntiltak.
  • Standpunktkarakterar for alle fag det ikkje er muntleg eksamen i, blir sett i veke 23.
  • Standpunktkarakterar i fag der det er muntleg eksamen, blir sett i veke 22. Skal gjennomførast.
  • Det blir sett på moglegheiter for å organisere ein annan type ekstern vurdering for elevar som ikkje får eksamen.

– Det er viktig for meg å understreke at elevane som får avlyst eksamen får vitnemål med standpunktkarakterar som dei kan søke vidare studier med. Nå får elevane og lærarane meir forutsigbarheit og kan betre bruke tida fram mot sommaren, seier Melby.