– Her kjenner eg meg som ein holebuar

Den nye karen bak orgelet i Vågå kyrkja smiler der han sitt i «hola» si oppe på orgelgalleriet. Alf Hulbækmo, som er ein kjent musikar og komponist, er glad for å endeleg kunne bruke meir tid som organist.

«Hola»: Den nye organisten i Vågå kyrkje, Alf Hulbækmo, tykkjer han har fått ein flott arbeidsplass og trivst svært godt i «hola» si på galleriet.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Hulbækmo fortel at han lenge har kunne tenkt seg ein organistjobb. I tillegg til ein bachelorgrad i jazz ved NTNU Trondheim og eittårig studium i komposisjon og arrangement, har han teke eit eittårig studium i kyrkjemusikk. Og musikaren har hatt fleire sporadiske vikaroppdrag som organist.