– Eit slik system vil vera til stor nytte og hjelp i kritiske situasjonar

Lom og Bøverdalen og Vågå Røde Kors hjelpekorps har etablert beredskapsgruppe drone, og søkjer kommunal støtte til innkjøp av utstyr.

Demonstrasjon: Ordførar Bjarne Eiolf Holø fekk demonstrert avansert drone i november. Her saman med Morten Hammeren og Kjell Petter Syvergaard som deltok i redningsaksjonen på Gjerdrum i romjula.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Gruppa skal kunne operere i såkalla SAR-aksjonar; leite- og redningsaksjonar, med drone med termisk (varmesøkande) kamera og andre avanserte kameraløysingar.