Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa. Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.
Denne vekas jubilant er Mari Irene Sletten Kveom, som fylte 3 år den 17. januar.
Jubilant: Mari Irene Sletten Kveom har fylt tre år, og er «Vekas jubilant» i Fjuken. Foto: Privat
Gratulerer! Du får ei helsing i posten frå Fjuken ein av dei fyrste dagane, Mari Irene.
Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.