375.000 kroner fordelt på 18 unge talent: Sjå kven som har fått talentstipend frå banken

Kvart år deler Sparebank 1 Lom og Skjåk ut 375.000 kroner i «Talentstipend», til unge talent innan idrett og kultur. 15 vinnarar har nå fått tildelt 15.000 kroner kvar, medan to hovudstipendvinnarar og éin særstipendvinnar har fått 50.000 kroner.

Talentstipend: Kvart år deler Sparebank 1 Lom og SKjåk ut 375.000 kroner i talentstipend, til unge talent innan idrett og kultur. Nå er stipenda for 2020 tildelt.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det er fantastisk å sjå kva som røyver seg der ute, kva ungdomen held på med, og kva iver og pågangsmot dei har. Det gjev oss trua på framtida, det gjev oss motivasjon, men framfor alt er dei ei utruleg flott inspirasjonskjelde for mange rundt seg, seier marknadsansvarleg Kristin Nygård Lonbakken i Sparebank 1 Lom og Skjåk.