Distriktsministeren vil ha regionen høgare på «sentralitetsindeksen»

Denne veka hadde ordførarane og regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen møte med distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland for å lufte sine moglegheiter og utfordringar.

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland måte avlyse besøk til Nord-Gudbrandsdalen to gonger i 2020. Nå er ho invitert att.  Foto: Martin B. Andersson

Nyheiter

Dei seks kommunane i regionen hadde per 20. juli 2020 til saman 18.178 innbyggarar. I løpet av dei siste ti åra er folketalet redusert med 6,2 prosent, og regionen har størst prosentvis nedgang i Noreg. Ifølgje SSBs befolkningsframskriving vil folketalet gå ned med ytterlegare 13 prosent fram mot 2050.