Torstein skal drive valkamp for Høgre: – Eg brenn for distrikta

Torstein Bjørgen frå Garmo ser fram til ein spennande og kanskje annleis valkamp i haust.

Valkamp: Torstein Bjørgen ser fram til å drive valkamp for Innlandet Høgre.  Foto: Privat foto

Nyheiter

Bjørgen er ein av to valkamprådgjevarar for Høgre i Innlandet. Frå 1. februar skal dei i fyrste omgang legge ein strategi for korleis i det heile teke valkampen skal gripast fatt i, med tanke på den pågåande pandemien.