Geir har etablert eige røyrleggjarfirma

Geir Aamot var ferdig utdanna røyrleggjar i 2007, og har sidan da arbeidd både lokalt og på Svalbard. Nå har han etablert sitt eige røyrleggjarfirma.

Røyrleggjar: I oktober etablerte Geir Aamot i Skjåk sitt eige røyrleggjarfirma, Aamot AS. For tida har han fast bustadadresse på Svalbard. Geir ser fram til å etter kvart slå seg til fast i heimbygda si og bli ein lokal røyrleggjar på heiltid.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Eg trur absolutt at det er marknad for eit røyrleggjarfirma til her i Skjåk, seier Geir Aamot.