Skjåk kan få Noregs fyrste bakstfjøs

Nordigard Ramstad har planar om å ominnreie det tidlegare sauefjøset til storkjøken for gardsbakst med produksjonslokale, kjøle og frys – og lokale for bakstkurs med deltakarar som bur på garden: Bakstfjoset AS.

Gründarar: Gudrun og Odd Joar Ramstad har håp om at alle aktivitetane og tilboda på Nordigard Ramstad, inkludert Bakstfjoset AS, skal resultere i nye arbeidsplassar.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Nordigard Ramstad har dei siste fem åra lagt om gardsdrifta frå tradisjonelt sauehald til moderne hønseri med 7.000 høner som verpar egg under merkevara «Gudbrandsdalsegg». Dei siste par åra har Nordigard Ramstad òg utvikla fleire tilleggsnæringar på garden: