Korona: Situasjonsrapport frå Vågå og Lom

Vaksineringa er i gang i Ottadalen.

Vaksine: Vaksineringa er i gang i Ottadalen  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Vaksineringa er i gang i Ottadalen. I Vågå er 45 personar vaksinert per onsdag.

I Lom har 23 personar fått fyrste dose.

Framleis er det seks personar som er i isolasjon i Vågå, sju er i karantene.

Ein må framleis førebu seg på å leva med restriksjonar medan vaksineringa held fram. Ein smittsom mutasjon av Covid-19 aukar risikoen for rask spreiing i befolkninga.

– For å unngå å kome i same situasjon som andre land som er hardt ramma, må Norge førebu seg på krevjande veker, vart det mellom anna sagt på regjeringas pressekonferanse onsdag.

Helseminister Høie seier at dei veit mykje om ulempene ved ulike tiltak, men har ennå ikkje god nok erfaring av kva effekten av tiltaka er. Regjeringa vil i samråd med Helsedirektoratet og FHI vurdere kva for tiltak dei skal setja i verk. Tiltaka blir offentleggjort etter at dei har vore informert om i Stortinget den 19. januar.