Eidefoss får behalde kraftleidning

Det vart i 2015 sett vilkår om å rive kraftleidninga som går gjennom Vågå og Sel. NVE har nå gjeve Eidefoss Nett løyve til å behalde den, mellom anna av omsyn til forsyningstryggleiken i området.

Blir ståande: 66 kV-lina mellom Tolstadåsen og Vågåmo blir ståande.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Å rive denne kraftlina kan bli kostbart for Eidefoss og straumkundane

Om Eidefoss må rive 66 kV-lina mellom Tolstadåsen og Vågåmo, vil dette koste kraftselskapet mange titals millionar kroner. Straumkundane kan også få ei ekstrarekning ved auka nettleige.


I konsesjon til tilknyting av Nedre Otta kraftverk, gjeve i kongeleg resolusjon 4. november 2015, blir det sett vilkår om riving av 66 kV-leidninga Tolstadåsen–Vågåmo i kommunane Vågå og Sel. NVE har oppheva vilkåret, fordi det etter deira vurderingar ikkje lenger er fornuftig å rive leidninga.