Auka omsetninga med over 10 millionar

I eit mildt sagt uvanleg og krevjande år har Kiwi i Vågå opplevd stor vekst i 2020. Daglegvarebutikken nådde 75 millionar kroner i omsetning, ein vekst på 16 prosent.

Spesielt år: Butikksjef Ellen Visdal på Kiwi i Vågå er svært nøgd med fjoråret. I 2020 hadde daglegvarebutikken ein vekst på 16 prosent, samanlikna med året før. – Ved årets slutt hadde vi nådd 75 millionar kroner. Dette er rundt 10 millionar meir enn året før, seier butiksjefen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Eg er ganske stolt over mitt fyrste år som butikksjef. Det er eigentleg ganske utruleg at vi har den omsetninga vi har i ei lita bygd som Vågå, seier butikksjef Ellen Visdal på Kiwi i Vågå.