Får bruke tilhøyrlogo for Jotunheimen: – Viser at vi er ein seriøs lokal aktør

Gjendeguiden er fyrste bedrift som er tildelt bruk av tilhøyrlogo for Jotunheimen nasjonalpark.

Nasjonalparkmerke: Gjendeguiden har mykje aktivitet i Jotunheimen nasjonalpark. Nå er dei som fyrste bedrift tildelt bruk av tilhøyrlogo for nasjonalparken. Gjendeguiden får bruke logoar som viser at dei er lokalisert og har aktivitet i nasjonalparken. – Tilhøyrlogoen viser at vi har lokal tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, seier Ørjan Venås.   Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/Gjendeguiden

Nyheiter

Det er nasjonalparkstyret som har vedteke å innføre ordninga med tilhøyrlogo for Jotunheimen nasjonalpark til kommersiell bruk.