Årskavalkade: Dette skjedde i Ottadalen i 2020 - del 1

Dette skjedde i Skjåk, Lom og Vågå januar-mai 2020.

Snøskred: 2020 var prega av både små og store handingar i Ottadalen. Ein av dei store var det store snøskredet i Knutstugugrove i Lom om morgonen den 25. februar. Heldigvis kunne ein konstatere at ingen var tekne i skredet.  Foto: Arkiv

Nyheiter

JANUAR:

Rekordpåmelding

Laurdag 30. mai blir Flåklypa-løpet arrangert i Ottadalen. Årets utgåve er nummer 29 i rekkja. Påmeldinga opna ved midnatt nyttårskvelden, og allereie etter ein time var 258 køyrety påmeldt. I løpet av det fyrste døgnet var det påmeldt over 400 køyrety. Med andre ord er rekorden frå i fjor slått. Da var det nemleg påmeldt 300 køyrety i løpet av det fyrste døgnet.