Sparebankstiftelsen DNB: – Mange er ikkje klar over at dei kan søke om pengar

Sparebankstiftelsen DNB har delt ut nær 37 millionar kroner til almennyttige formål i Nord-Gudbrandsdalen dei siste 10 åra.

Idrett: Idretten i Vågå har dei siste ti åra fått 2,7 millionar kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Nå er behovet for midlar ekstra stort for mange lag og foreiningar. Fleire opplevde i fjor store tap i inntekter grunna avlyste loppemarknader, dugnadsvakter og liknande. Samstundes er det tydelegvis mange som ikkje kjenner til at dei relativt enkelt kan søke om midlar frå oss, seier Ingrid Hognaland på vegner av Sparebankstiftelsen DNB.