Gunnar (85) fekk den fyrste vaksinedosa i Skjåk: – Denne er viktig å ta!

Torsdag morgon starta koronavaksinasjonen opp i Skjåk. Fyrst ut var bebuarane på to avdelingar på Skjåkheimen.

Fyrst i Skjåk: Gunnar Partapuoli (85) på Skjåkheimen var den fyrste personen i Skjåk som fekk vaksine mot koronaviruset. Vaksinen vart sett av avdelingssjukepleiar Anette Bersu.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Ein merkar alvoret når ein får dette i hendene og skal blande det til, men vi sølte ikkje ein einaste dråpe, smilar avdelingssjukepleiar Anette Bersu og spesialsjukepleiar Grete Hestdal på Skjåkheimen.