Gratis heiskort til alle elevar i Vågå kommune

Lemonsjøen Alpinsenter og Vågå kommune har inngått eit samarbeid som inneber at alle barne- og ungdomsskuleelevar i kommunen denne sesongen får gratis femdagars heiskort.

Lemonsjøen: Alle skuleelevar på 1.-10. trinn i Vågå kommune får denne sesongen tilbod om gratis femdagars heiskort i skibakken på Lemonsjøen. Dette er eit samarbeid mellom alpinsenteret og Vågå kommune.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I tillegg til gratis heiskort, kan elevane fritt nytte seg av gratis skiutleige dei fem dagane heiskortet blir brukt, pluss to timar gratis skiinstruksjon om ynskjeleg, ved bestilling seinast to dagar før ynskt instruksjon.