Tankbil sperrar riksvegen ved Tessand

Ein tankbil har fått sleng og sperrar riksveg 15 ved Tessand.
Nyheiter

Like før klokka halv fire onsdag ettermiddag har ein tankbil fått sleng og har saksa seg slik at riksvegen er stengt ved Tessand.

I følgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt har tankbilen spillolje, og brannvesenet er kalla ut.

Tankbilen har i følgje politiet ikkje velta, men står på hjula.

Fjuken har vore i kontakt med folk som har passert ulykkesstaden, og som fortel at det er mogleg for personbilar å køyre gjennom Tessand sentrum for å passere. Tyngre bilar må vente.