Stengjer framdørene på bussane

Innlandstrafikk melder at framdørene på bussane er stengt frå 5. januar som eit resultat av innstrammingar av koronatiltak.

Stengt framdør: I Nord-Gudbrandsdal blir framdøra stengt på alle bussar som blir køyrt av Trønderbilene Gudbrandsdal.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Innlandstrafikk oppfordrar alle til å løyse billett sjølv om framdøra er stengt, skriv Innlandstrafikk på si heimeside.

Dette gjeld blant anna line 142 mellom Bismo og Lillehammer, på avgangar som blir køyrt av Trønderbilane.

Avgangar køyrt av Ringebu Bilruter har open framdør.

I Nord-Gudbrandsdal blir framdøra stengt på alle bussar som blir køyrt av Trønderbilene Gudbrandsdal.

Innlandstrafikk ber om at alle viser ekstra omsyn slik at smittenivået går ned.

Det er anbefalt å bruke munnbind på kollektivtransport der det er vanskeleg å halde avstand.