Alf Rune attende til «Vassendgutane»

Skjåkværen Alf Rune Melby startar oppatt som steelgitarist i bandet «Vassendgutane».

Attende: Musikar Alf Rune Melby frå Skjåk blir på nytt steelgitarist i det populære festcountrybandet «Vassendgutane».   Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Melby vart fast medlem i festcountrybandet «Vassendgutane» for fyrste gong i 2013. Fire år seinare avslutta han samarbeidet med det som er eitt av landets mest turnerande band, som i år har 25-årsjubileum.