21,6 «kulturminnemillionar» til Ottadalen

I 2020 passerte Kulturminnefondet 1 milliard kroner i tildelingar til over 6.000 prosjekt, sidan oppstarten i 2003. Blant alle kommunane i Gudbrandsdalen, har Vågå fått mest i denne perioden.

Mest til Vågå: Mange prosjekt i Ottadalen har fått tilskot frå Kulturminnefondet sidan oppstarten i 2003. Av i alt 21,6 millionar kroner som har gått til Ottadalen, har 13,7 av dei gått til Vågå. På bildet ser du Øistein Formo og Anne-Mari Sandvær på Kalven Seter i Vågå, som er blant dei som har fått tilskot frå Kulturminnefondet.   Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Totalen tildelte midlar frå 2003 til 2020 er 1.004.063.112 kroner, til i alt 6.147 prosjekt. I alt har Kulturminnefondet i denne perioden motteke 13.863 søknadar med eit samla søknadsbeløp på 3.751.310.578 kroner.