«Julebrus og sylte høyrer med»

Mange deltok i Fjuken si førjulskonkurranse, og mange har sendt inn svar. Vinnar er nå trekt.

Populær konkurranse: Fjuken fekk inn mange rette løysingar på førjulskonkurransen vi hadde i desember. 

Nyheiter

Kvar dag mellom 1. og 24. desember la vi ut eit bilde av Fjuken-nissen som var ein ny stad i Ottadalen. Oppgåva var å ta vare på ein bokstav kvar dag, og setja dei 24 bokstavane saman til ei setning, og løysinga, som var: «Julebrus og sylte høyrer med».

Det er tydeleg at mange har fylgd med på Fjuken si førjulskonkurranse. Mange greidde også å koma fram til løysinga, og sendte oss på e-post innan fristen før nyttår.

Fjuken har nå trekt ein hovudvinnar som får ein Fjuken-bag med eit årsabonnement på lokalavisa, samt den nye utgåva av dialektboka. Vinnaren er Wenche Husom i Skjåk.

I tillegg har vi trekt ut tre vinnarar som får ei overrasking frå Fjuken i posten. Dei tre er: Inger-Lene Skaansar, Aud Marstein og Helga Rakstad Haugen.

På bakgrunn av den gode responsen lovar Fjuken-nissen å koma med ei tilsvarande konkurranse i desember att, da kanskje fri for både julebrus og sylte.

Takk for deltakinga!