Lom kommune opplyser måndag ettermiddag at fylgjande lokale tiltak er sett i kraft og førebels gjeldande fram til 18. januar:
- Lom kommune oppmodar til at alle arrangement blir utsett.
- Utgard er stengt for all aktivitet (med unntak av skulen).
- Lom friviljugsentral held stengt. Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på e-post og telefon.
- Treng du å prate med ein sakshandsamar i Lom kommune må du gjere avtale på førehand. Ring anten sakshandsamar direkte, eller ta kontakt med servicetorget.
- Møteromma på Midtgard er stengt.
- Ungdomsskulen og vidaregåande skule går over til raudt nivå. Elevar og føresette har fått informasjon om kva dette inneber direkte frå skulane.
Lom kommune minnar også om fylgjande:
- Har du symptom, ring koronatelefonen så du får testa deg: 481 65 519
- Hald fram med å ta godt vare på kvarandre - ta ein ekstra telefon til dei som treng det, og nøl ikkje med å ta kontakt med hjelpeapparata om du treng nokon å prate med.
- Hald hendene dine reine, host i papirlommetørkle, hald deg heime om du er sjuk og unngå reiser som ikkje er naudsynte.