Seterdrivarar i Griningsdalen fryktar gapahuk gjev auka ferdsel: – Må få sleppe å kjempe for vår eksistens i tide og utide

Geitbøndene i Griningsdalen fryktar auka trafikk og ber Vågå fjellstyre og Statskog om ikkje legge til rette for bygging av gapahuk i beiteområdet.

Griningsdalen: Velforeininga i Sjodalen Fjellgrend ynskjer å setje opp ein gapahuk i nærleiken av krysset Griningsdalsvegen og Gamle Kampevegen.. Nå ber geitbøndene i Griningsdalen om at det ikkje blir lagt til rette for bygging av gapahuk i dette området. Dei fryktar auka trafikk i eller rundt geitene sine beiteområde. Bildet er frå Pikåthøgde mot Griningsdalen og Griningsdalskampen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Er det interesse for at geitene skal forsetje å pleie kulturlandskapet i Griningsdalen, og er det ynskje om å leggje til rette for at dei to siste seterdriftene Sjodalen skal overleve? skriv geitbøndene Anne Helene Haugen, Torstein Håkenstad og Veslemøy Røsdal Skogstad, Ola og Kjerstin Kaurstad.