MEINING:

Ottadalen kommune: – For å gjere oss meir attraktive, må vi ikkje prøve å vere noko vi ikkje er

– Vi må vise fram og styrke det vi allereie er gode på: Tryggleik, trivsel og tradisjon, skriv Øystein Skarset i Lom.
Nyheiter

Lokalpolitikarane har igjen sett kommunesamanslåing i Nord-Gudbrandsdalen/Norddalen på agendaen, og alle dei seks kommunane i Norddalen skal inviterast med i sonderingsarbeidet.

Eg har budd i Norddalen og Lom i snart tjue år, og i løpet av desse åra har eg gjort meg tankar om kommunestrukturen i Norddalen. Desse ønskjer eg no å lufte før det eventuelt er for seint.

Ein kommune som består av alle dei seks kommunane i Norddalen vil etter mi meining bli for stor, og vil gi ottadølane fleire ulemper enn fordelar. Dersom ein først skal starte med å slå saman kommunar, så trur eg at det for ottadølane vil vere best at Skjåk, Lom og Vågå går saman i Ottadalen kommune. Eg ønskjer derfor at politikarane i Ottadalen vurderer dette alternativet i samband med det føreståande sonderingsarbeidet.

Utfordringane som Norddalen står overfor i åra framover, er eg fullstendig klar over. Eg ser også at kommunar kan bli for små som følgje av endringar i samfunnet, og at det derfor kan vere aktuelt å tilpasse seg ved å slå saman kommunar. Men ein kommune kan også bli for stor, noko eg som nemnt meiner ein storkommune med dei seks norddalskommunane vil bli. At det tek over tre timar å køyre frå Grotli til Bjorli, seier noko om storleiken på ein slik kommune. Over tretti år i arbeidslivet har gitt meg erfaring med mange organisasjonar, og eg er overtydd om at store organisasjonar ikkje nødvendigvis er meir effektive enn små. Store organisasjonar kan ofte vere meir tungrodde, byråkratiske og mindre fleksible enn små. I det følgjande vil eg nemne kvifor eg meiner at Ottadalen vil vere ei naturleg politisk og administrativ eining.

Ottadalen er eit naturleg avgrensa geografisk område, med overkommelege avstandar mellom bygdene. Med tanke på utfordringar knytt til mellom anna samferdsel og næringslivet, er kommunane i Ottadalen i same båt.

Slik eg som kjem utanfrå ser det, er kulturen i Skjåk, Lom og Vågå svært lik. Det er eit godt utgangspunkt ved ei eventuell danning av Ottadalen kommune. Like barn leikar best heiter det som kjent. Det er også mitt inntrykk at dei unge i Skjåk, Lom og Vågå i stadig større grad har sosial kontakt med kvarandre gjennom skule og fritidsaktivitetar. Dette bidreg til at folket i Ottadalen blir meir samansveisa etter som tida går.

I ein eventuell Ottadalen kommune, vil folketalet i dagens kommunar syte for god maktbalanse – ingen av kommunane vil bli dominerande. Dette saman med ein meir eller mindre felles kultur, vil bidra til å gi harmoni og eit godt politisk samarbeidsklima.

Ottadalen kommune vil ikkje bli så stor at lokalpolitikarane ikkje vil ha føling med dei problema og utfordringane ein vil står overfor. Ved å slå saman heile Norddalen til éin kommune, vil det etter mi meining bli for stor avstand mellom dei som skal styre, og dei som skal styrast.

Slik eg ser det, treng ikkje dei ulike kommunale etatane vere plassert på same stad. Med tanke på jobbpendling for tilsette i ein eventuell Ottadalen kommune, tek det omlag 40 minutt å køyre frå Vågåmo til Bismo. Dette er overkommeleg, noko eg hevdar på bakgrunn av at eg tidlegare i fleire år dagpendla mellom Lom og Otta med både bil og buss.

I kommunane er det i dag mange såkalla kompetansearbeidsplassar, og desse er viktige for lokalsamfunna, mellom anna med tanke på tilflytting. I ein kommune som består av alle dei seks kommunane i Norddalen, vil mange kommunale stillingar vere plassert på Otta. Eg ser ikkje for meg at det er spesielt attraktivt å dagpendle mellom til dømes Bismo og Otta, og ein storkommune vil derfor vere ekstra negativt for Skjåk – og Lesja.

Ottadalen kommune vil ha det som skal til for å stå seg godt langt inn i framtida. Folketalet vil vere 8000, og det er ikkje lite i distriktskommunesamanheng. I Ottadalen er det i dag eit variert og levande næringsliv. Til dømes har ein i Skjåk industriverksemder som ifølgje Proff.no går uforskamma godt. Vidare har Ottadalen ei allsidig handels- og servicenæring, ein kraftproduksjon som vil skape verdiar langt inn i framtida, og for dei som ønskjer seg inn i eit kontorfellesskap, så har ein dette både i Skjåk, Lom og Vågå. Ein har også tre nasjonalparkar i Ottadalen, og desse gir store moglegheiter for vidare utvikling av reiselivsnæringa. Fjellområda rundt Ottadalen fascinerer både tilreisande og fastbuande. Sjølv er eg minst like fascinert av kulturlandskapet i dalen, som eg vil påstå er noko av det flottaste i landet! Med tanke på mellom anna framtidig utvikling av reiselivet, er dette kulturlandskapet viktig å ta vare på. Det er det aktive landbruket i dalen som held dette kulturlandskapet i hevd. Landbruket er sjølve berebjelken i Ottadalen, og som det heiter i Bondesangen: «All kultur er dyrken, først og fremst av jord».

Det blir av nokre sagt at Norddalen må bli meir urban for å bli meir attraktiv. Eg trur at dei som set stor pris på det urbane, dreg til andre stader enn til Norddalen. For å gjere oss meir attraktive, må vi ikkje prøve å vere noko vi ikkje er. Vi må vise fram og styrke det vi allereie er gode på: Tryggleik, trivsel og tradisjon.