Nye koronatiltak i Skjåk

Skjåk kommune har kome fram til lokale smitteverntiltak som er gjeldande frå i dag, måndag 4. januar.

Raudt nivå: Skjåk barne- og ungdomsskule går over til raudt nivå. Elevar og føresette har fått informasjon om kva dette inneber direkte frå skulane per e-post.   Foto: Arkiv

Nyheiter

I går innførte regjeringa nye nasjonale smitteverntiltak, førebels gjeldande for 14 dagar.

Skjåk kommune har gått gjennom dei nye tiltaka og har kome fram til følgjande lokale tiltak:

·* Skjåkhallen, svømmehallen og Skjåk Treningssenter blir stengt frå og med 4. januar og i fyrste omgang fram til 18. januar. Så vil dei nasjonale retningslinjene og anbefalingane vera grunnlaget for kva som blir gjort etter 18.januar.

* Ungdomssteget på Skjåk barne- og ungdomsskule går over til raudt nivå. Elevar og føresette har fått informasjon om kva dette inneber direkte frå skulane per e-post.

* Skjåk kommune oppmodar til at alle arrangement blir utsett.

* Dei som kan av dei tilsette i Skjåk kommune har frå 4. januar heimekontor. Treng du å prate (møte) med ein saksbehandlar i Skjåk kommune, må du gjera avtale på førehand. Ring saksbehandlar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 70 00.

* Skjåk friviljugsentral held stengt. Dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld er tilgjengeleg på e-post: skjaak.friviljugsentral@skjaak.kommune.no og telefon: 900 42 055

* Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk kansellerer varmtvasstrening i Skjåk svømmehall 11. januar 2021. kl 14.00

Vaksinar:

Kommunen har fått lovnad om vaksinar, og her vil dei mest utsette personane vil bli prioritert først. Ingen treng å ringe helsesenteret eller legekontoret, men vil bli kontakta for vaksinering etter retningsliner som er gjeve frå Folkehelseinstituttet.