Raudt nivå på vidaregåande og ungdomsskule, skjenkeforbod og heimekontor

Regjeringa innfører fleire nasjonale smitteverntiltak gjeldande frå måndag 4. januar. I fyrste omgang er tiltaka gjeldande i to veker, fram til 18. januar.

Uroa: Statsminister Erna Solberg la fram nye nasjonale smitteverntiltak sundag kveld, i håp om å unngå ny smittebølgje.  Foto: Skjermdump

Nyheiter

Det var under ei pressekonferanse klokka 18 sundag kveld, at statsminister Erna Solberg la fram nye nasjonale smitteverntiltak, som er gjeldande frå 4. januar og fram til tidlegast 18. januar.

– Vi har etter jul sett færre som testar seg, og av dei som testar seg går talet på positive testar opp. Smitten er aukande og spreiar seg til nye delar av landet. Eg ber nå om at alle blir med på eit krafttak for å unngå ei ny smittebølgje, seier statsminister Erna Solberg.

Basert på råd fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har regjeringa bestemd seg for å forsterke smitteverntiltaka og justere dagens nasjonale oppmodingar, slik at kommunane har kapasitet til å handtere lokale utbrot og få på plass meir testkapasitet.

Tiltaka er altså gjeldande frå 4. januar og fram til 18. januar.

Anbefalingar for alle i heile landet:

Sosial kontakt

  • Unngå å ha gjestar i heimen. Vent 14 dagar med private besøk. Unntak for nødvendige heimetenester og besøk hjå personar som er i livets siste fase. Aleinebuande kan ha besøk eller gå på besøk med éin til to faste vener eller til éin fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå egen kohort. (Nytt)
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, anbefalast utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/ kohortar (Nytt)

Reiser

  • Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland, men du kan reise på hytta med dei du bur saman med, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.

Skular og utdanning

  • All undervisning og alle planlagte arrangement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar. (Nytt)
  • Alle landets vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå. (Nytt)
  • Det blir ikkje gjeve nasjonale føringar for nedstenging av folkehøgskulane eller bibelskulane. Folkehøgskulane følgjer anbefalingar og retningsliner frå lokale helsemyndigheiter.

Arbeidsplassar

  • Alle som kan ha heimekontor, bør ha dette. (Nytt)

Butikkar

  • Kjøpesenter og butikkar bør ha åtgangskontroll og avgrensingar på kor mange personar som kan kome inn i lokalet. Dette er for at det skal vere mogleg å halde avstand. (Nytt)

Idrett

  • Utandørs aktivitetar kan gjennomførast dersom det er mogleg å halde god avstand.
  • Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unntak med eigen regulering, omfattast ikkje.

Reglar for heile landet:

Private samankomstar og arrangement

  • Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale. Om ein er fleire enn fem i same husstand, kan sjølvsagt alle i husstanden møtast. (Nytt)
  • Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar og liknande, likevel 200 personar der alle i publikum sit i i fastmonterte setar. I gravferder kan det vera opp mot 50 personar, sjølv om setane ikkje er fastmontert. (Nytt)
  • Dei fleste av desse arrangementa vil uansett ikkje vera i tråd med nasjonale anbefalingar og bør difor utsetjast eller avlysast.

Uteliv og serveringsstader

  • Det blir innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement, men serveringsstadene kan elles halde ope. (Nytt)

Nye tiltak i kommunar og regionar med mykje smitte

Regjeringa legg til fleire tiltak som kommunar og regionar med stort smittetrykk bør vurdere å innføre:

  • om barneskular og barnehagar skal følgje rettleiaren for «raudt nivå».
  • påbod om bruk av munnbind på offentleg stad der det ikkje er mogleg å halde avstand på minimum éin meter.
  • påbod om heimekontor i den utstrekning dette er mogleg.
  • påbod om stenging av drifta av treningssenter, bingo -og symjehaller.