Nytt smittetilfelle i Vågå sundag

Det er i Vågå stadfesta eitt nytt smittetilfelle av koronaviruset.
Nyheiter

Det er Vågå kommune som sundag kveld melder om eitt nytt smittetilfelle i kommunen. Smittevegen er kjend og nærkontaktar er sett i karantene, i fylgje kommunen.

På bakgrunn av sundagens pressekonferanse, der regjeringa la fram nye nasjonale smitteverntiltak fram til 18. januar, har Vågå kommune i tillegg fylgjande informasjon å koma med sundag kveld:

«Vågå kommune vil ta ei ny vurdering i morgon og kjem da med konkrete meldingar på kva for kommunale tilbod som blir opna.

Førebels gjeld fylgjande:

Tilbodet «Inn på Tunet» og Dagsenteret blir stengt måndag og tysdag.

Barnehagane opnar på vanleg måte 04.01.21 og barneskulane tysdag 05.01.21. Nasjonale retningsliner tilseier at ungdomsskulen er på «raudt nivå» og særskilt orientering blir sendt til foreldra.

«Grøn omsorg» blir opna frå måndag 04.01.21.

Frivilligsentralen opnar måndag 04.01.21 og biblioteket har utleige/innlevering av bøker slik som det var organisert før jul.

Koronatelefonen er ope kl. 08.00-15.00 på kvardagar, telefon 95 25 39 90. Covid-19 testar blir teke mellom kl. 10.00-11.30 måndag-fredag, men ein må avtala tid på førehand med helsesenteret/koronatelefonen.

Vaksiner:

Kommunen har fått lovnad om 15 vaksinar og dei mest utsette personane vil bli prioritert først. Ingen treng å ringe helsesenteret, men vil bli kontakta for vaksinering etter retningsliner som er gjeve frå Folkehelseinstituttet.»


Raudt nivå på vidaregåande og ungdomsskule, skjenkeforbod og heimekontor

Regjeringa innfører fleire nasjonale smitteverntiltak gjeldande frå måndag 4. januar. I fyrste omgang er tiltaka gjeldande i to veker, fram til 18. januar.