Kyrkja: Ein av dei mest besøkte toppane i Jotunheimen er Kyrkja, ein lett tilgjengeleg topp på 2.034 moh.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Jotunheimen - nasjonalpark i 40 år

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart oppretta den 5. desember 1980. I desse områda finn du nokon av dei høgste, villaste og vakraste fjella i Noreg, verdifulle planter og dyr, eit mangfald kulturminne, særprega kulturlandskap og den djupaste dalen i Nord-Europa.

Arbeidet med å verne Jotunheimen er ei av dei eldste og mest sentrale sakene i naturvernhistoria i Noreg, og det tok nesten 80 år frå spørsmålet om ein nasjonalpark kom opp fyrste gong til vernevedtaket kom i 1980. 40 år etter kan vi feire at vi kan tilby verdifulle naturopplevingar i dette heilt unike området til våre etterkomarar!

Dei høgste fjella i Noreg ligg i Jotunheimen. Galdhøpiggen når opp i 2469 moh, medan Glittertind, med si iskappe på toppen, berre er nokre meter lågare. Dei villaste og kvassaste tindane i Jotunheimen finn vi i Hurrungane, med Store Skagastølstind 2403 moh. som ”Konge” og det tredje høgste fjellet i Noreg.

Saka held fram under bildet

Hurrungane: Fjella i vest er av dei mest alpine og ville i heile Jotunheimen.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Namnet på dette mektige området

Jotunheimen vart til lenge før nasjonalparken og landskapsvernområdet vart etablert i 1980. «Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. I segn og folkeeventyr ser vi korleis den ville og storslåtte naturen i Jotunheimen har virka både lokkande og skremmande. Jotnane – trolla – har heimen sin her.

Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, namnet vi brukar i dag på dette mektige området, med dei høgaste fjella i Nord-Europa, den mest kjende nasjonalparken i Noreg.

Saka held fram under bildet

Bukkeblome: Mogop dukkar opp tidleg, sjølv høgt til fjells.   Foto: Kari Sveen

Kvifor vern?

Nasjonalparken vart oppretta nettopp for å ta vare på eit vilt, eigenarta, vakkert fjellandskap med sitt dyre- og planteliv. I Kongeleg resolusjon for Jotunheimen frå 1980 står det at «Jotunheimen nasjonalpark vil bli ein typisk fjellnasjonalpark. Ved avgrensinga av parken har vi søkt å få med dei vakraste, villaste og mest karakteristiske fjellområde, tindar, brear og vassdrag, og som er mest mogleg urørt av menneskeleg innverknad.» I tillegg var både dyre- og plantelivet ein viktig del av verneformålet saman med geologiske førekomstar, dei særprega innsjøane med smaragdgrøne fargar, men også kulturminne slik som steinbuer, hustufter, dyregraver, vardar og anna var viktige.

Fotturismen i Jotunheimen tok til allereie på slutten av 1800-talet, og saman med Utladalen har nasjonalparken vore eit svært viktig område for fjellvandring og friluftsliv i Noreg.

I tillegg til fjella i Vest-Jotunheimen var det naturleg å ta med Utladalen, sidan dette området delvis ligg omringa av fjella og blir rekna som ein del av Vest-Jotunheimen. Utladalen er oasen mellom tindane, prega av det tronge gjelet og ei rekkje U-forma hengjedalar, som alle munnar ut i hovuddalen høgt opp i liene. Elva Utla kjem frå breane i Jotunheimen. Nedover dalen tek Utla imot fossefall frå hengjedalane på vest- og austsida. Størst, og mektigast er Vettisfossen, med sitt fall på 275 meter. Fossen har det høgste uregulerte fossefallet i Nord-Europa og vart freda allereie i 1924. Den urskogsprega furuskogen på Vettismorki er særleg verdifull, og er omtala som den «gildaste» fjellfuruskogen i landet. Eit rikt kulturlandskap med spor etter tidlegare gards- og stølsdrift pregar nedre del av Utladalen.

Saka held fram under bildet

Vilt og vakkert: Frå Lauvnostind mot Midtre Ringstind og Midtmaradalstindane i Hurrungane.   Foto: Eldrid Nedrelo

Jotunheimen er også eit viktig leveområde for både villrein og tamrein. I tidlegare tider streifa det ein talrik villreinstamme rundt i Jotunheimen, og mange funn av dyregraver og andre fangstminne dokumenterer forhistoria. Det var truleg rein som trekte forfedrane våre hit. I dag held villreinen i Jotunheimen til i Vest-Jotunheimen, medan tamreinlaga i Vågå og Lom driftar store tamreinflokkar aust i Jotunheimen.

Viktig område for friluftsliv

I dag er det om lag 300 km med T-merkte fotturruter i Jotunheimen og Utladalen, med høve til både korte og lange fotturar. Om vinteren er det kvista skiløyper fleire stader. Mange av fjelltoppane er ynda turmål, men nokre av dei krev klatring for å nå til topps. Den mest trafikkerte ruta, Besseggen, var den første stien som vart merke som turistrute, og den er i dag blant dei 15 stiane som kan bli autorisert som Nasjonal turiststi.

Folk i bygdene rundt Jotunheimen brukte fjellet til jakt og seterdrift. Det var to studentar frå Christiania, Baltazar Mathias Keilhau og Christian Boeck, båe utan tidlegare fjellerfaring, som sette Jotunheimen på kartet då dei var dei fyrste som besteig Falketind i 1820.

Saka held fram under bildet

Utsikt: Over Sognefjellet er det tilrettelagte plassar for vidt utsyn, her er det nyaste ved Sognefjellshytta.   Foto: Kari Sveen

Frå seter til turistbedrift i fjellet

Etter kvart som interessa for friluftsliv auka på 1800-talet, utvikla fleire setrer i Jotunheimen seg til turistbedrifter, slik som t.d. Gjendebu. I samband med føring av turistar vart det bygd sikringsbuer både på Galdhøgpiggen og på Glittertinden. Dei er båe borte no, men på Surtningssue står framleis den gamle steinbua frå 1899 (restaurert i 2008).

I utkanten og inne i nasjonalparken er det ei rekkje betente og ubetente turisthytter i dag. Sjølv om ferdsla til tider er stor, kan ein endå oppleva fridomen, mystikken, roa og stilla i naturen. Her er også urørte soner utan merka ruter der du sjølv må finne vegen!

Kven tek vare på naturperlene?

I starten var det Direktoratet for Statens Skoger og fylkesskogkontoret som hadde ansvaret for forvalting av verneområda. Sidan vart forvaltingsmyndigheita overført til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Oppland, fram til 2011. Jotunheimen hadde ei særleg ordning med kommunale tilsynsutval, noko som sikra god dialog med kvar av dei 5 kommunane med areal innan verneområda. Dei møttest samla kvart år for å gi innspel til forvaltinga. I 2011 vart forvaltingsmyndigheita overført til Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen og det vart etablert eit Rådgjevande Utval med representantar for brukarinteressene i områda. Medlemmane i nasjonalparkstyret er lokale og regionale politikarar frå kommunane Lom, Vågå, Vang, Luster og Årdal, og Innlandet og Vestland fylkeskommunar. Slik sikrar ein lokal medverknad i forvaltinga av verneområda i dag.

Den såkalla «Fjellteksten» som vart innarbeidd i revidert nasjonalbudsjett 2003, innebar eit politisk skifte i forvaltinga av dei norske nasjonalparkane. Den opna for større grad av lokal verdiskaping og kommersiell reiselivsverksemd i nasjonalparkane, og dette utvikla seg vidare gjennom lanseringa av den nye merkevaren for Norges Nasjonalparker i 2015. Midlar til tiltak i verneområda har utvikla seg til eit svært positivt verkemiddel i forvaltinga av verneområda. Slik har det vorte mogleg å legge til rette for lokal verdiskaping i Jotunheimen! Eitt av dei siste eksempla på dette er Utsiktspunktet på Sognefjellet - Eit flott tiltak som er vorte ein attraksjon i seg sjølv, og som gjer det mogleg sjølv for bilturisten å oppleve noko av det flottaste Jotunheimen har å by på. Utladalen framstår som eit utstillingsvindauga for kulturlandskap der gamle gardar og husmannsplassar er restaurert. Svært mykje arbeid er gjort på dugnad, men det hadde heller ikkje vore mogleg utan løyving av tiltaksmidlar.