Oddvar Barhaugen - sprek 90-åring

I haust fylte Oddvar Barhaugen 90 år. Med ein onkel (Hans Barhaugen) som ein framifrå langrennsløper på 1930-talet, og med to søskenbarn (Håkon Brusveen og Arne Barhaugen) i verdenseliten, hadde Oddvar mykje å slekte på når det gjaldt skisport.

Premieskap: Oddvar Barhaugen kan sjå attende på mange gode plasseringar i skisporet. Han har vunne NM for veteranar tre gonger, sølvmedalje for Norge i VM-stafett i Seefeld. Her står han framfor premieskapet sitt.  Foto: Terje Kleiven

Nyheiter

Oddvar hadde også gode anlegg for langrenn, men ha la vel eigentleg skia på hylla før han retteleg fekk vist kva som budde i han. Arbeid som linjemontør i Eidefoss kravde sitt, han stifta familie og det var kanskje ikkje det heilt store miljøet i heimbygda. Det skulle gå meir enn 20 år før han fann fram skia att.