To personbilar har kollidert på rv. 15 i Garmo - svært glatt

To personbilar med totalt fem personar i, har kollidert på riksveg 15 i Garmo. Det er svært glatt etter vegen.
Nyheiter

Ulykka skjedde cirka 12.30 måndag, vest for Byrøygard på riksveg 15, i Garmo.

To personbilar er involvert i ulykka.

Operasjonssentralen ved Innlandet politidistrikt opplyser at det var fem personar i bilane.

Ein person er køyrt med ambulanse i retning Otta for å møte Luftambulansen. Ein annan blir køyrt legevakt for sjekk, og ein tredje person er køyrt legevakt på Otta for sjekk.

Det er svært glatt på riksveg 15 på ulykkesstaden, opplyser politiet.

Vegen er stengt og det er inga anna moglegheit til omkøyring enn fylkesveg Solsidevegen/Liavegen mellom Vågåmo og Lom.

SISTE:

Cirka klokka 13.30 melder politiet om manuell dirigering på staden.