To nye smittetilfelle i Vågå - ingen stadfesta smitta i Lom og Skjåk

Vågå kommune har 4. juledag fått stadfesta to nye positive prøvesvar. I kommunane Skjåk og Lom er det nå ingen stadfesta smitta, men nokre i heimekarantene.
Nyheiter

Måndag ettermiddag kjem Vågå kommune med fylgjande korona-oppdatering:

«Av dei vel 30 testane som var teke laurdag 26. desember er alle nå analysert og vi har fått stadfesta to nye positive prøvesvar. Smittekjelda er kjent».

Per nå har Vågå 18 personar i isolasjon og 25 i karantene.

Lom kommune kan på føremiddagen 4. juledag opplyse om at det ikkje er nokon stadfesta smitta i kommunen, men at tre personar er i karantene.

I Skjåk kommune er det heller ingen kjende smittetilfelle. Per 26. desember var fire personar i heimekarantene i Skjåk, i fylgje kommuneoverlege Sondre Bøye.