Grov - og kampen om kunstgraset

Ei flunkande ny kunstgrasbane er på plass i Grov. Utfordringa har vore økonomi og forsikringsoppgjer – ikkje motstand frå bygdafolket. Det var det nemleg mykje av da den fyrste kunstgrasbana kom til Lom i 1982.

Humor: Jan Valbjørsløkken såg humoren i den intense debatten om kunstgrasbana i 1982 - og teikna dette. 

Nyheiter

Før planane om kunstgrasbane i Lom vart offentlege fyrst på 80-talet, hadde ei arbeidsgruppe beståande av Olav Svestad (formann i idrettslaget), Erling Kolden (formann i fotballgruppa) og Ola Mork (kontorsjef i Lom kommune) gått stille i dørene.