Digital juleavslutning på Lalm

I år sette koronaen ein stoppar for den tradisjonelle juleavslutninga til Lalm skule. Lærarane svinga seg rundt med kamera og spela inn ei juleavslutning digitalt.

Annleis juleavslutning: I år er det ingen ting som er som før. Heller ikkje juleavslutninga på Lalm skule. Lærarane har svinga seg rundt med videokamera og drone og spela inn ei digital juleavslutning som elevane fekk med seg heim for å sjå saman med foreldre. Her øver elevane på eitt av innslaga til juleavslutninga.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

– Juleavslutninga her på Lalm er høgt verdsett av både elevar og foreldre. Da vi fekk beskjed om at vi ikkje kunne gjennomføre den slik vi har gjort tidlegare, så føreslo ein av dei tilsette at vi kunne spele den inn digitalt og sende med elevane heim, fortel lærar Frode Sandum.