Anna og Tor Trivst godt på høgfjellet

– Ein kan vel kanskje seia at vi er litt «kjerringa mot straumen», for medan andre flyttar frå utkantane når dei tek til å dra på åra, har vi trekt til fjells.

Bur på høgfjellet: Grotli har betydd og betyr mykje for ekteparet Bruland. Mellom anna var det på Grotli Høyfjellshotell, bak dei, at Tor og Anna treftes.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Anna Aaboen Bruland (66). Saman med mannen Tor (68) har ho fast tilhald på høgfjellet - på Grotli i Skjåk. Her fekk ekteparet kjøpt ei tomt med garasje, som var regulert for både næring og bustad, og sette seg opp eit hus på to etasjar, med ei grunnflate på 136 kvadratmeter. Her har dei nå budd fast i halvanna år, sidan påska 2019. Før det budde ekteparet i mange år i ei 70 kvadratmeter stor hytte i det gamle hyttefeltet, på den andre sidan av dammen, om lag 1,5 kilometer unna der dei bygde til seg.