H eller V? Det «klåså seg» for Fjuken-nissen 13. desember

Handelsforeininga? Eller Vågå? Er du blant dei som har samla bokstavar i Fjuken si førjulskonkurranse, men ikkje kjem i mål med setninga? Da kan det rett og slett skuldast oppgåva den 13. desember ...

Ikkje V: Handelsforeininga ligg i Vågå, men det var H(andelsforeininga) vi var ute etter, og ikkje V(ågå). Fjuken-nissen beklagar feilen. 

Nyheiter

Hintet du fekk i førjulskonkurransen «Kvar er Fjuken-nissen?» den 13. desember var fylgjande: «I kva for kommune ligg dette handelshuset? Ta vare på den fyrste bokstaven». Dei fleste har nok fått med seg at bildet var av handelsforeininga i Vågå, og har da naturlegvis teke vare på bokstaven V for Vågå kommune.

Problemet er berre at det ikkje var bokstaven V vi var ute etter. Om det er nissen som har vore ute med nissesprell og tukla med tastaturet, eller om det er konkurranse-lagaren som har teke seg for mange slurkar julebrus, skal vera usagt.

Det vi var ute etter var handelsforeininga og bokstaven H.

Sjølv om det av ein eller annan grunn «klåså seg» den 13. desember, må det nemnast at vi faktisk likevel har fått inn fleire rette løysingar på e-post dei siste dagane. Det kan difor tyde på at fleire skjønte at redaksjonen har gjort ein feil, og har sjølve skifta ut ein V med ein H, som altså er heilt rett.

Fjuken-nissen og redaksjonen beklagar «blemma», og håpar det nå blir litt enklare for lesarane å få til ei setning av dei 24 bokstavane.


Har du fått samla alle bokstavane i Fjukens førjulskonkurranse?

Fjukens førjulskonkurranse har gått føre seg på nettet i adventstida. Nå er det på tide å finne løysinga og sende inn svaret. Her kan du sjå alle bilda på nytt.


Hint:
Setninga består av fem ord.
1. ord: åtte bokstavar
2. ord: to bokstavar
3. ord: fem bokstavar
4. ord: seks bokstavar
5. ord: tre bokstavar.
Setninga har sjølvsagt noko med jul å gjera, og kanskje mat og drikke står sentralt ..?

Setninga du kjem fram til, sender du inn til Fjuken på e-post: redaksjon@fjuken.no innan 31. desember. Ein vinnar blir kåra, og får ein Fjuken-bag med årsabonnement på Fjuken og den nyutgjevne dialektboka rett etter nyttår.