«Trygt heim» er eit tilbod til ungdom mellom 15 og 21 år i Innlandet fylke.
– Dette er vår julegåve til ungdomen. Ordninga starta natt til 26. desember, og vil i alle fall vare ut 2021, seier Sjur Strand, som leiar Innlandet fylkes trafikktryggleiksutval.
Ordninga gjeld i tidsrommet natt til laurdag og sundag gjennom heile året, og i samband med høgtider og spesielle arrangement etter nærare retningsliner.
Ungdom som ynskjer å nytte seg av tilbodet må bestille taxi før klokka 20 om kvelden, og det må vera minst tre passasjerar som skal heim til same område for at tilbodet skal gjelde. Ungdomen betalar ein liten eigendel, medan resten av taxi-kostnaden blir dekt av Innlandet fylkeskommune. Taxi må bestillast frå sentralen i den kommunen ein skal heim frå.