Kreftforeininga uroa over forslag til budsjettkutt i Lom: – Får store konsekvensar

Distriktssjef Berit Jevnaker i Kreftforeininga reagerer på budsjettkuttforslaget i Lom kommune, og meiner dette vil råke kreftpasientane og pårørande hardt.

Uroa: Kreftforeininga er uroa over svekka tilbod for kreftpasientar i Lom. Distriktssjef i Kreftforeininga, Berit Jevnaker, meiner at om kommunen trekkjer seg ut av det interkommunale samarbeidet med Sel og Vågå om kreftkoordinator, vil dette få store konsekvensar for både kreftpasientar og pårørande.   Foto: Privat

Nyheiter

Kreftforeininga har vorte kjend med at administrativ leiing inan helse og omsorg i Lom kommune foreslår at kommunen trekkjer seg ut av det interkommunale samarbeidet med Sel og Vågå om regional kreftkoordinator, som Lom i dag er ein del av.