Anine fann den fyrste Fjuken-bamsen

Dagens Fjuken-bamse vart funne i Lom.

Funne: Anine og Veronica Bakken fann den fyrste Fjuken-bamsen, som var gøymd hjå Tuppein Frisør i Lom. Ny moglegheit i morgon.  Foto: Privat

Nyheiter

Det var Anine og Veronica Bakken frå Skjåk som fann dagens Fjuken-bamse, 1. desember.

Bamsen var gøymd hjå Tuppein Frisør i Lom.

Det blir ei ny moglegheit i morgon. Da er ein ny Fjuken-bamse gøymd på ein butikk eller hjå ei bedrift i Skjåk, Lom eller Vågå.


Få med deg - og bli med på - Fjuken sine førjulssprell i desember

Leiting etter Fjuken-bamse hjå bedrifter og butikkar i Ottadalen, rebuskonkurranse med Fjuken-nissen, og ynskjereprise av videokalender med karakterane Ola Sørøvre og Fjuken-nissen. 1. desember brakar det laus med årets førjulssprell i lokalavisa.