– I dag er det tid for å skifte batteri i røykvarslaren

1. desember er Røykvarslardagen. Dette er dagen for å teste røykvarslarane og byte batteri.

Røykvarslar: Arne Reitan Sæther i Vågå brannvesen oppmodar folk til å gjere det til ein hugseregel å teste røykvarslarane og byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Vi i brannvesenet tilbyr å reise ut å bytte batteri om det er eldre som treng hjelp til dette, seier Arne Reitan Sæther, leiar beredskap i Vågå brannvesen.